Skip to content

Sirkus Pippi tek inn på Det Norske Teatret

Når det Norske Teatret opnar Hovudscenen for Pippi på sirkus, er det den fortrollande og ekte teater- og sirkusmagien som får skine, i lag med musikk frå ein av verdas dyktigaste pop-handverkarar; Björn Ulvaeus. For dei interesserte er det mogleg å ta turen inn i manesjen allereie over påske.

PIPPI PÅ SIRKUS

av av Maria Blom, Björn Ulvaeus & Tilde Björfors. Basert på boka Pippi Langstrømpe av Astrid Lindgren
NOREGSPREMIERE LAURDAG 18. APRIL KL. 17.00

Kostyme- og maskeprøver i april

8., 10. OG 15. APRIL
FRÅ KL. 11.00 - 17.00

Pippi på sirkus hadde opphavleg premiere i Sverige i 2002, og fekk strålande mottaking av kritikarar og publikum. No er Pippi snart klar for eit norsk publikum.
Hovudscenen er alt fylt med spektakulær scenografi, glitrande kostyme, hestar, pudlar, spreke sirkusartistar, musikarar og skodespelarar som gjer seg klare for å skape vaskeekte sirkus på teater.

Desse aprildagane er det hektiske prøvar, og gode moglegheiter for presse som har lyst til å bli med Pippi på sirkus.
Her kan du få ein snik-kikk!

Vil du komme på kostyme- og maskeprøve? Ta kontakt!

Les meir om  Pippi på sirkus.