Skip to content

Søkelyset på Palestina

I samband med framsyninga Gjenferdet inn, som går føre seg på Vestbreidda, blir Scene 3 og Det Norske Teatret åstad for ei rad arrangement og kunsthendingar med Palestina som utgangspunkt. Først ut etter premieren på Gjenferdet inn, er solidaritetskonserten Lengseslssong og Vinterstorm og Marte Heian-Engdals Gazaliv.

Gjenferdet inn: Når det politiske blir personleg

På Det Norske Teatret er det Seda Witt som skal bere hovudrolla i teaterversjonen av Isabella Hammads kritikarroste roman Gjenferdet inn. Da romanen kom ut i 2023, fekk han strålande kritikkar. Her opplever hovudkarakteren korleis det ho aldri har brydd seg om, eller alltid har skuva vekk - kven ho er og kor ho kjem ifrå - blir både politisk og personleg.

GJENFERDET INN
av Isabella Hammad
Noregspremiere fredag 6. februar kl. 19.00
Scene 3

Den britisk-palestinske skodespelaren Sonia har reist til farens heimland for å besøke søster si som arbeider ved Universitetet på Vestbreidda. Ho vil vekk frå karrierejaget ved Londons teater, vekk frå eit trøblete kjærleiksliv og kanskje frå seg sjølv? Men ho kjem raskt i kontakt med teatermiljøet på Vestbreidda, og blir gradvis involvert i ei oppsetjing av Hamlet.

Kva og kven er gjenferda for Sonia, og kva prøver dei å seie? I bakgrunnen ulmar demonstrasjonar, kulturkonfliktar, verkande familiehistorier, politiske konfliktar og ei verd i endring. Både historia og det politiske angår henne plutseleg på ein måte ho aldri har opplevd før.

Isabella Hammad

Forfattar av romanen Gjenferdet inn, Isabella Hammad, har sjølv familiebakgrunn frå området, men er født og har vakse opp i eit palestinsk nabolag i London. Romanen blei skrive før 7. oktober 2023. Handlinga utspelar seg sommaren 2017, idet det blei innført tiltak som ikkje hadde vore sett i verk sidan den andre intifadaen.

Les Isabella Hammads artikkel om korleis kunst kan skape endring.

Seda Witt

Skodespelar Seda Witt har fleire gonger laga teater av andre sine liv, men aldri snudd spotlighten over på si eiga historie. I alle fall ikkje på denne måten. For i vår blir det personleg.
LES MEIR

Serhat Yildirim

- Til no har eg kanskje vore litt type-casta. Men denne gongen skal eg vere nokon som er heilt annleis enn meg sjølv, seier Serhat Yildirim, som er kjent frå TV og film frå før. No skal han vere skodespelaren som skal spele Hamlet - men som eigentleg er ei palestinsk popstjerne.
LES MEIR

Solidaritetskonsert: Lengselssong og vinterstorm

LENGSELSSONG OG VINTERSTORM
Solidaritetskonsert for Palestina
Laurdag 7. februar kl. 19.15
Hovudscenen

Maja Ratkje, Nils Bech, Sjur Miljeteig, Fela, Gatas Parlament, Nawar Alnaddaf og Emilie Nicolas er mellom dei som står for det musikalske følgjet denne kvelden. I tillegg blir det mellom anna framført tekstar av scenekunstnar Ali Abu Yassin frå Gaza og forfattar Akram Musallam frå Vestbreidda, det vil bli palestinsk folkedans, dabke og poesi ved Rana Issa. Med fleire overraskingar. Inntektene denne kvelden går til Palestine Performing Arts Network.