Nokre av landets fremste Prøysen-tolkarar løfter fram nye sider ved den folkekjære låtskrivaren og artisten i det som har blitt ei varm og sterk musikkteateroppleving.
PROSJEKT PRØYSEN
OSLOPREMIERE 28. AUGUST KL. 19.30
Gjestespel frå Teater Innlandet
Terje Strømdahl, Frida Ånnevik og Knut Anders Sørum har alle eit langt og nært forhold til Prøysen kvar for seg. Men i Prosjekt Prøysen er det første gongen dei tre står saman på scenen for å vise breidda i denne kunstnarskapen. Prøysen hadde alltid eit hjarte for dei som fell utanfor i samfunnet. Dei einsame, dei sjenerte, dei som drakk, dei som aldri vart bedne opp til dans eller generelt var litt misforståtte.
Skeivt blikk
Dei tre musikarane har i lag med regissørane Magnus Myhr og Jørgen Strickert lest songane, tekstane og stubbane hans med eit skeivt blikk. Det har blitt ei sår og undrande framsyning som tek publikum med på ei reise frå gamle samfunnshus på Hamar til London pub i Oslo. Bygda finst over alt.
