Min liverigg for trubadurvirksomhet anno 2022.

Live! 0 replies 1652 views

Hei. 

Eg spelar i snitt 15-20 trubadurjobbar i året og har gjort det sidan 2012.

I løpet av den tida har eg prøvd mange ulike tilnærmingar på utstyrsfronten og det oppsettet eg har no i 2022 vil eg sei er det mest effektive. Tenkte å dele erfaringane mine med dette.

Eg spelar gitar, både rytme og solo, samt at eg syng førstestemmene på nokre songar og harmoniar på dei øvrige låtane. Ein spelejobb omfattar som regel 40-45 låtar, og på dei fleste er det greit for kollegaen min (hovedvokalist) å få ein pause mtp kor mange låtar det blir på ein kveld. her kjem gitarsoloene inn.

Oppsettet mitt sidan tidlig 2021 har vore dette:

Fender Acoustasonic Telecaster

Lite pedaltrainbrett med Boss IR-200, Boss DD3 delay og TU Tuner.

Mikrofonstativ med Beyerdynamic vokalmikrofon og iPad Stativ.

Photo Attachment


Dette er eit ganske lettvint system. Acoustasonic gitaren er revolusjonerende for min bruk. I posisjon 3-5 på pickupvelgeren låter gitaren som ulike akustiske gitarar og kan plugges rett i mikser med knallbra resultat. I posisjon 1 og 2 låter den som ein litt skitten Telecaster via bridge pickupen. Denne gitaren lar deg enkelt veksle mellom akustisk strumming og fingerspel, og via eit flikk så er du på crunch riff og soloar. Alt i samme gitar. 

Kombinert med DD3 delay får du endå kulere lyd på solopartia.

Boss IR-200 er ein ny ampmoddeler, beregna på å ligge sist på pedalbrettet. Her har eg oppretta nokre presets for akustisk gitarlyd (amp og kabinett modeling står i bypass og den fungerer kun som lett EQ og Reverb pedal) og nokre presets for gitarsoloer og riff (Amp modeling og kabinett slått på skitten fender tweed som feitar opp og forbedrer skitten tele-lyden. IR-200 er ein IR-loader så du kan ha dine egne kabinettIRs når du brukar den med elektrisk gitar. Du kan tilogmed bruke akustisk gitar IR's for å få ein vanlig piezopickup til å låte meir som ein full akustisk. Mange muligheter med IR-200 altså 🙂

Med iPad, capo og kabler i gigbagen med gitaren på ryggen, pedalbrettbag i ei hånd og mikrofonstativ med iPadholder i andre hånda er dette ein genial rig til å reise frå pub til pub med. 

Nokon andre som har funne fram til nokre gøyale løysingar for eit variert lydbilde i slike trubadursamanhengar?